SinneshyttŒ

Sinneshyttå

"Sinneshyttå" er ei hytte som er utvikla i Sirdal, og der lokale byggetradisjonar er ivaretatt. Det mest synlege er inngangsdøra som har smale vindauge med tre ruter i kvar side, noko du finn igjen i dei fleste gamle hus i Sirdal.

Dei grove søylene som går igjen i hyttene er inspirert av Grindkonstruksjonen som ein finn, som ein av dei få stadane, i Sirdal. Dette er ein byggjeteknikk som skriv seg heilt tilbake til vikingtida, og er eldre enn lafteteknikken. I dag finn ein den i gamle høyløer og løer.

Sinneshyttå" er elles utforma slik som dei moderne krava til ei vinterhytte er. Det er i filosofien vår at totalproduktet skal vera gjennomgåande kvalitet i alle ledd. "Sinneshyttå" har difor eit standard materialval som langt over det som er vanleg. Stova kler me med hogd stokkpanel i 8" breidde eller i varierande breiddar, noko som gjev solide og rustikke veggar. Taket blir kledd med perlestaffpanel ståande, som gjev i god romføling. I dei andre romma er det 6" breid glattpanel, som er standard på vegger og i tak. Alle panel inne og utvendig er sjølvsagt furu.

Golva på hovudplanet er i 6" furu og gjev det litle ekstra. Når du kikkar ut vindauga, ser du ut gjennom ekte hyttevindauge. Våre vindauge er kopla og har ekte sprosser. Ytterdørene er solide med skikkeleg lås.

Utvendig er det brukt grov, liggjande villmarkskledning, med avbrekk på bod, utbydd og evt. tversgåande hems, med ståande kileskorne bord i varierande breidder. Det blir brukt grove søyler til å bera svalar og overbygg. Terrassen blir innramma av ei grov svill i 6" x 12", som bind det heile saman. Rekkverket er dekorert med solkorset, som skal gje vern mot det vonde. Til hyttene passar det best med torv, men bordtak er også eit godt alternativ.

Me har samarbeidspartnarar som gjer at me kan levera ei totalløysning som omfattar alt som trengs i ei nøkkelferdig hytte. Kjøkkenløysningar, peis i ulike utføringar, baderomsløysningar og innreiingsløysningar.

Aktuelt

Hyttefelt

17.06.2010

Se kartoversikt over våre hyttefelt

Les meir

Film om hytteliv

04.03.2010

Repotasje om hytteliv i Sinneshyttå og enkelt hytteliv i Statskog sine hytter.

Les meir

Haugefjedl - Eksklusive hytter på selveiertomter med panoramaoversikt

28.12.2009

Hytteprat 29.-30. desember

Les meir

Film om hytteliv